Knyt deg til Leikanger MC-klubb som din grasrotmottakar når du tippar hjå Norsk Tipping! Dette kan du gjera hjå kommisjonæren, på mobilen eller på web! Når du har knytt LMCK som grasrotmottakar til ditt spelekort vil klubben motta 5 % av det du tippar for! (Extra og Flax er ikkje med i Grasrotandelen).

 

Søk opp informasjon på www.grasrotandelen.no eller ta med deg vårt organisasjonsnummer (985 721 130) til tippekommisjonæren!

 

Hugs at dersom du ikkje tippar så vinn du heller ikkje! Lukke til!

§ 1 Formål
Klubben skal gjennom samarbeid og kameratskap fremja eit sunt motorsykkelmiljø innad og utad. Klubben skal prøva å samla dei i distriktet som har interesse av motorsykkel.

§ 2 Tilslutning
Klubben støttar NMCU sitt arbeid, men medlemmar betalar sjølve inn medlemskapet.

§ 3 Medlemar
Alle med førarkort for motorsykkel, som innordnar seg etter klubbens reglar kan vera medlem. Må vere 18 år for å få nøkkel utlevert av klubben.

§ 4 Årsavgift
Årsmøtet fasstet storleiken på årsavgifta. Årsavgifta skal vera innbetalt seinast 12.februar årleg. 

§ 5 Årsmøte
Årsmøte blir halde i januar. Årsmøte skal omhandle årsmelding, medlemsavgift, rekneskap og val av styre. Årsmøtet er vedtaksdyktig med det antal medlemar som er møtt fram.

§ 6 Medlemsmøter
Medlemsmøter blir haldne når styret finn det naudsynt.

§ 7 Styret
Formann blir leia av eit styre som består av leiar, kasserar, sekretær, 2 styremedlemar og varamedlem. Leiar blir valgt kvart år medan kasserar, styremedlemar og sekretær blir valgt annakvart år.

§ 8 Styret sitt arbeid
Formann har ansvaret for drifta til klubben. Formann disponerar klubbens midlar saman med kasserar. Kasserar fører klubbens rekneskap og har ansvaret for innkreving av årsavgifta. Sekretæren fører protokoll frå alle møter. Styret oppnemner etter behov personer forspesielle oppgåver.

§ 9 Lovendringar
Endringer i klubbens vedtekter/reglar kan gjerast på ordinert årsmøte og krev 2/3 fleirtal.

§ 10 Oppløysing av klubben
Oppløysing av klubben kan gjerast på ordinært årsmøte med 2/3 fleirtal. I tilfelle oppløysing skal alle klubbens aktiva stå på sperra konto i 15 år. Viss ikkje klubben blir starta opp att innan denne tid blir alle klubbens aktiva overført til førebyggjande arbeid for MC-trafikktryggleik. Dersom ein ny klubb skal få overført midlane må dei ha drive aktivt minst eitt år, og bruka det same klubbnamnet.